|
BLI MED PÅ DIALEKTDUGNAD !
Vi som står bak www.dialektxperten.no, vil gjerne kome i kontakt
med skular som kan tenkje seg å vere med på å vidareutvikle
e-læringsressursen.
Med dette inviterer vi til å vere med på ein dialektdugnad i Ivar Aasens ånd!
Alle elevproduksjonar vil bli lagt ut i eit eige kapittel. På
nettstaden vil du finne døme på elevarbeid frå ulike delar av
landet. Det aller meste av dette er særemnearbeid i norsk.
Som medprodusentar i dugnaden vil elevane få eit større
læringsutbyte og forståing av emnet norsk talemål, og dei vil
oppdage at språk og identitet heng saman.
Er du lærar i norsk og/eller mediefag og kan tenkje deg å la
elevane dine få prøve seg som språkforskarar?
Ta kontakt med oss så vil vi prøve å leggje til rette for eit
spennande prosjekt/særemne-arbeid.
Ragna Marie Tørdal
Vennesla vg. skole
Ansvar for kursutvikling.
E-post: ragna.tordal@vaf.no
Telfon: 38 15 24 00 |
Oddvar Engan
Vennesla vg. skole
Norskfaglig ansvarlig
E-post: eoddvar@online.no
Telfon: 38 15 24 00 |
|