|
TALEMÅLSARKIVET
Talemålsarkivet vart til i eit prosjektsamarbeid mellom Vennesla vidaregåanede skole / DialektXperten, NRK og Universitetet i Agder. Ved hjelp av NRK sitt omfattande talemålsarkiv og UiA sin faglege kompetanse, skal ”Talemål på nett” utviklast til å bli ein nasjonal e-læringsressurs for utdanningsinstitusjonar over heile landet.
Innhald
| • |
Talemålsarkivet inneheld talemålsprøver frå heile landet basert på opptak i NRK-arkivet frå 1946 og fram til i dag. |
| • |
Du finn òg lydmaterialet frå NTNUs forskingsprosjekt ”Nordavinden og sola”. Oversiktskart gir deg enkel tilgang til talemålsprøver frå alle kommunar i Noreg. |
| • |
I eit eige kapittel finn du oversikt over dialektprogram frå NRK radio og TV. |
| • |
Du kan òg søkje på emneord ved hjelp av eit nettbasert søkjeverktøy. |
Målgruppe
Elevar, studentar, lærarar, forskarar og andre som er interessert i dialektar, kan bruke og vidareutvikle materialet i Talemålsarkivet.
Åpne Talemålsarkivet her:
Talemålsarkivet
|